KUNSTEN Å SETTE ÈIN FOT FRAMFOR DEN ANDRE
av Gyrid Axe Øvsteng - 13. mai, 2022Tekst: Gyrid Axe Øvsteng
«Ta på deg gode sko,» skriv Lars. «Vi skal ikke sitte stille, for å si det sånn!» Eg tek på meg vandrarsko, set meg på bussen, og snublar. Eg er èin time for tidleg, men veit det ikkje ennå. Bussen sneglar.
«Eg blir litt forsinka,» melder eg, «men er der om fem minutt.» «Dét går nok bra,» svarar Lars. «Vi avtalte å møtes klokka ti».
Auda.
«Jeg kommer så fort jeg kan,» fortset Lars, «og det er fort!» Han er der før eg får reist meg. «Nå har du en inngang,» smiler han, hjelper meg opp, vi byrjar å gå; jamne, ivrige steg.